Kategoriarkiv: Bra Digital Stafett

Bra Digital Stafett – Hver tredje uke mottar en ny aktør Bra Digital stafettpinnen og en viktig utfordring: blogg om hva dere gjør og hvordan dere jobber for å trygge og bedre nettet og lage gode tjenester for barn og unge.

Store norske leksikon – mest lest av barn og ungdom

Da vi tok over som ny redaksjon i Store norske leksikon (SNL), oppdaga vi raskt noko interessant med lesertala: Dei mest leste artiklane våre er slike som «buddhismen», «1814», «samer» og «Henrik Ibsen». Kva har desse til felles? Jo, dei har tema elevane lærer om i skulen. Konklusjonen var klar: SNL er leksehjelpar for alle elevane i landet.

Minst ein tredel av dei over 100 000 daglege lesarane er barn og ungdom. Tradisjonelt har leksikon likevel blitt laga med tanke på vaksne. Derfor har vi dei siste åra jobba med å tilpasse nettsida til barn og unge. Skriv du enklare, får du ikkje berre med deg elevane, men det blir også lettare for alle oss andre som ikkje er ekspertar på absolutt alt frå før.

Her er våre åtte råd for å lage nettsider for vaksne til ei god netteneste også for barn og unge:

  1. Finn ut kva ungane les, og kor gamle dei yngste lesarane er
  2. Finn ut når dei treng innhaldet ditt
  3. Lag innhald barn og ungdom søkjer etter
  4. Skriv enkelt
  5. Tenk over at barn og unge ikkje kan alt om kjeldekritikk
  6. Ver enkle å få kontakt med
  7. Ver ein trygg og triveleg plass å vere på
  8. Ver enkle å bruke

 

1. Finn ut kva ungane les, og kor gamle dei yngste lesarane er

Første steg er å analysere: Barn og unge les kanskje ikkje det same innhaldet som dei vaksne lesarane dine. Vi i SNL har som ideal at kvar artikkel skal vere mogleg å lese for den yngste lesergruppa som treng artikkelen. Alderen på dei yngste varierer med innhaldet: Du lærer ikkje om Kant før langt ut i tenåra, medan sjetteklassingar godt kan trenge å lese om Romerriket.

Under er dei hundre mest leste artiklane i SNL i 2014. Dei blå er artiklar om ting elevar skal lære om på skulen (Sjekk læreplanar og kompetansemål hos  Undervisningsdirektoratet (Udir). Dei grøne blir lest av vaksne som er redde for helsa si. Dei gule er ord folk ikkje heilt veit kva betyr, og dei røde er saker som var på dagsorden i 2014 (klikk bilete for større versjon):

standard_snl100-2014-3ed5

2. Finn ut når dei treng innhaldet ditt

Lesemønstra kan variere veldig etter ulikt innhald på nettsida di. Finn ut når barn og unge treng ulikt innhald, og oppdater når dei treng det. Hos SNL veit vi at elevar år etter år les om den kalde krigen. Men plutseleg dukkar det opp nye behov: I 2014 skulle alle elevar lære ekstra mykje om Grunnlova. Vi skuletilpassa artikkelen om 1814 , og den blei ein slager med 80 000 lesarar.

Her kan du sjå kor ulike lesemønstre ulike artiklar har i SNL (klikk bilete for større versjon):

Kva folk les når-statistikk WJA

 

PS: IKKJE oppgrader nettsida når lesarane treng deg som mest! Til dømes ikkje i eksamenstida.

3. Lag innhald barn og ungdom søkjer etter

Burde du tilby innhald du ikkje har i dag? Da vi i SNL fann ut at elevane treng oss, bestemte vi oss for å byggje opp innhaldet elevar skal lære om meir systematisk. Vi tråler lærebøker etter oppslagsord. No er det bestemt at elevar skal ha tilgang til SNL under eksamen. Det gjer det enda viktigare for oss å vere gode på alt dei skal kunne.

4. Skriv enkelt

No kjem den vanskelege delen av jobben: Skriv så barn og ungdom forstår. Sjølv om det er ei grense for kor mykje du kan forenkle utan at presisjonen forsvinn, kan du kome langt. I SNL trur vi det er ein samanheng mellom det som er klart tenkt og det som er klart formulert. Ved å jobbe med teksten kan du forklare kompliserte ting i eit enkelt språk. Det betyr:

  • Ein lettlest ingress som gjer at alle får med seg det viktigaste. Om dei første linjene er vanskelege, mistar du lesarar med ein gong.
  • Stigande vanskegrad: Start lett. Spar det kompliserte til slutt.
  • Bilete. (OBS: Alle les tekstar under bileta.)
  • Mange avsnitt med eitt poeng i kvart avsnitt.
  • Overskrifter: Då kan folk scanne teksten og finne svaret ein leitar etter.
  • Korte setningar. Fordi korte setningar er betre enn lange.
  • God tekstbinding. (Td. når ei setning syner tilbake til den førre).
  • Ord og omgrep som er forståelege for alle (om du kan).

Lær barna nye omgrep ved å forklare undervegs. Bruk parenteser: læren om sopp (mykologi), lenk til forklaring (mykhoriza) eller forklare omkrepet i samanheng.

5. Tenk over at barn og unge ikkje kan alt om kjeldekritikk

Barn og unge stoler på det dei les, og det tar tid å lære seg kjeldekritikk. Har du ei nettside barn bruker, må du passe på at innhaldet er til å stole på og at det er lett å sjå kven som står bak.

Hos SNL har vi som prinsipp at innhaldet skal stemme med den rådande vitskapen. 450 fagfolk har ansvaret for kvar sine fagområde. I tillegg skal det vere lett å vere kjeldekritisk hos oss. Det står når ein artikkel er oppdatert og av kven, og du kan lese meir om den som har ansvaret for innhaldet. Alle artiklar har ei oppskrift for korleis dei kan sitere og kva gjenbruk som er lov.

Med nær 200 000 artiklar, går det ikkje an å passe på at alt er “sant” til ei kvar tid. Men det går an å vere så truverdig som mogleg. Som ein elev spurte under artikkelen om andre verdskrig “Er all informasjonen her helt riktig?” Vi svarte sånn:
Takk for godt spørsmål. Alle artiklene i leksikonet er skrevet av fagpersoner, og skal være basert på pålitelige kilder. Du skal derfor kunne stole på informasjonen du finner her. Samtidig er det viktig å huske på at det alltid finnes ulike perspektiver på historien, og at kunnskapen vår om historien forandrer seg. Dermed kan det også være litt forskjellige meninger om hva som er «sant», og det kan også endre seg over tid. Dersom det er ting du lurer på i artikkelen, er det bare å spørre.

6. Ver enkle å få kontakt med

Barn og ungdom er flinke til å spørje og dei blir glade for svar. Det er lurt å vere enkle å få tak i. I SNL har vi eit kommentarfelt under kvar einaste artikkel. Barn og unge bruker feltet flittig til å spørje om ting dei ikke finn eller forstår. Vi sett vår ære i å svare så raskt det går an. I tillegg svarer vi der kidsa er – i sosiale media. Så når ein klasse i storefri oppdagar at vi svarer på Twitter, kan det hende vi ikkje får tid til lønsj:

 

Twitterdialog 3 med skoleelev

7. Ver ein trygg og triveleg plass å vere på

Det skal vere ei god oppleving å diskutere eller stille spørsmål i kommentarfeltet vårt. Vi modererer kommentarfelta og dei fagansvarlege får beskjed om å svare imøtekommande og hyggeleg, sjølv dersom spørsmåla er veldig enkle.

I gamle dagar var leksikon til sals, men no er SNL er gratis, så alle kan få tilgang til den same kunnskapen. For oss er det også viktig at innhaldet skal vere heilt uavhengig av kommersielle omsyn. Derfor har vi ingen reklamer barna kan støyte på. (I staden har vi jobba for og fått til inntekter frå kulturdepartementet og frå medlemane vår – alle dei åtte universiteta, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen, NFF og Videnskabs-Akademiet).

Vi passar på at lenkene våre ikkje leier til reklame – eller til innhald barn ikkje bør sjå. Til dømes har vi vald ikkje å leggje inn video der tilfeldig innhald følgjer etter, sjølv om YouTube-filmen om aerosoler kunne ha illustrert lukten etter regn på ein vakker måte.

8. Ver enkle å bruke

Å designe for barn og unge treng ikkje å bety eigne barnesider. Det går an å file og forenkle både språk og på utforming på dei vanlege nettsidene dine. Ved å lage nettsider som passar for barn og unge, blir sidene betre å bruke for alle andre også.

Da SNL lanserte nye nettsider i 2013, var det viktigaste at grensesnittet skulle vere enkelt. Vi har både ganske unge og ganske gamle (og lite digitaliserte) brukarar. Båe gruppene har behov for enkel navigasjon. Vi valde ei enkel, rein og strukturert utforming som gir ei rolig oppleving. Designet er responsivt, så vi er lette å lese på ulike plattformer. I 2014 blei vi belønna med to av Designrådets priser: «Merket for god design» og «Design for alle». Det siste er ein pris for universell utforming, og vi er den første nettsida som får prisen. Fordi vi tenkte på barna er nettsida er blitt tilgjengeleg for fleire målgrupper enn før, også blant vaksne.

snl10_carlsen

Kuddle bidrar til digital sosial kompetanse for barn

Skrevet av Kuddle til Bra Digital Stafetten

Norge ligger i verdenstoppen over land som er best på IT. Smarttelefoner, nettbrett og datamaskiner benyttes på daglig basis både på jobb, skole og i fritiden. Desto viktigere er det å lære den yngre generasjonen å navigere og mestre internett på en god måte.

Bilde av Ole Vidar Hestås, Christian Vebner, Knut Tarøy og ikke minst Kodi Kuddle!
Ole Vidar Hestås, Christian Vebner, Knut Tarøy og ikke minst Kodi Kuddle!

Kuddle skal sørge for digital læring, bidra til å stimulere kreativitet og oppfordre til en positiv fremtreden. Sammen med foreldrene skal vi veilede barna til de er klare for å uforske internett på egenhånd.

Vår uttalte visjon er:

Kuddle skal være innovative ambassadører for skape et tryggere digitalt miljø for barn

 

Topp 10 KUDDLE:

  1. BARNAS TRYGGHET Vår øverste prioritet.
  2. TILLATT FOR BARN I ALLE ALDRE. De fleste sosiale medier har 13 års grense, og ingen filter ift hva barn kan bli eksponert for. Vi har fokus på sikkerhet.
  3. FORELDRE TILSYN Barn under 13 år må ha foreldresamtykke for å sette opp en konto. Foresatte får en e-post når barnet deler et bilde, og en oversikt over alle venner. En slettefunksjon er inkludert. Dette inviterer til en god samtale om nettbruk.
  4. DIGITAL KOMPETANSE. Læring i et tryggere digitalt miljø
  5. NETTVETT Appen har et opplæringsprogram rettet mot de som kan lese. Den omfatter alt fra juridisk til samhandling på en lettfattelig måte. Vi oppfordrer til positiv deling.
  6. LUKKET PROFIL Ingen tilgang for uvedkommende.
  7. 24/7 MODERATOR Vi har ansatte som jobber døgnet rundt for å slette upassende bilder.
  8. INGEN STEDSLOKALISERING Det er ikke mulig å søke opp hvor en bruker befinner seg.
  9. REKLAMEFRITT Vi har ingen annonser eller kjøpsmuligheter i appen.
  10. GØY Sosiale medier skal være gøy, og en aktivitet som samler familie og venner. Fra bestemor i nord til barnbarn i sør.

På Kuddles sider har vi også en oversikt over hva du kan gjøre for å sikre barna dine bedre på internett.

 


Bra Digital Stafetten er i gang, les hvordan noen aktører gjør internett bedre for barn og unge! Vil du fortelle om hvordan ditt selskap eller tjeneste bidrar til et bedre internett for barn og unge, ta kontakt via skjemaet på høyre side her!